92 Episodes

  1. 92. Fallossteinar, brødkorger eller både – òg? Samtale med arkeolog Frans-Arne Stylegar

    Published: 6/29/2025
  2. 91. Den eldste lova. Intervju med rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde

    Published: 6/15/2025
  3. 90. Mytologiske stolpehol. Samtale med formidlar Karen Bek-Pedersen

    Published: 6/1/2025
  4. 89. Klangen i landskapet. Samtale med musikkarkeolog Gjermund Kolltveit

    Published: 5/18/2025
  5. 88. Norrøn mytologi juridisk forstått. Samtale med historikar Anne Irene Riisøy

    Published: 5/4/2025
  6. 87. Håvamål. Samtale med norrønfilolog Mikael Males

    Published: 4/20/2025
  7. 86. Tunkallar og huldrefolk i Nordhordland. Samtale med illustratør og landskapsforvaltar Kjersti Isdal

    Published: 4/6/2025
  8. 85. Lynkurs i namnetolking. Samtale med namnegranskar Peder Gammeltoft

    Published: 3/23/2025
  9. 84. Ty, solulvar og vårjamdøgn

    Published: 3/9/2025
  10. 83. Orddanning gjennom 5000 år. Samtale med filolog Kristin Fridtun

    Published: 2/23/2025
  11. 82. Horg i stadnamn, landskap og førkristen kult

    Published: 2/9/2025
  12. 81. Fordelen med likbrenning. Samtale med arkeolog Terje Østigård

    Published: 1/26/2025
  13. 80. Gand før ganding. Trolldom, sjelsførestillingar og primitiv dominans

    Published: 1/12/2025
  14. 79. Tidsrekning 2: Døgnet, livet, historia og terminologien. Samtale med kulturformidlar Jarle Øvrehus

    Published: 12/29/2024
  15. 78. Tidsrekning 1: årsinndelinga og høgtidene. Samtale med kulturformidlar Jarle Øvrehus

    Published: 12/15/2024
  16. 77. Samiske trommer. Samtale med religionsvetar Konsta Kaikkonen

    Published: 12/1/2024
  17. 76. Oseberg-teppa: gløtt inn i førkristen førestillingsverd. Samtale med arkeolog Marianne Vedeler

    Published: 11/17/2024
  18. 75. Skirnesmål: mytologisk kjærleiksdrama. Samtale med norrønfilolog Nina Stensaker

    Published: 11/3/2024
  19. 74. Gamle vêrmerke – vås eller fornuft? Samtale med seglar Vegard Heide

    Published: 10/20/2024
  20. 73. Bygdeborgene – mangetydige nøkkelanlegg. Samtale med arkeolog Ingrid Ystgaard

    Published: 10/6/2024

1 / 5

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendommen og før naturvitskap og psykologi? Vi skal særleg snakke om førkristen norrøn religion, samisk religion og det som blir kalla folketru, gjerne med ei eksistensiell vinkling. Eg som står bak er Eldar Heide, professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. Det blir samtalar mellom meg og lekperson Gry Offernes og intervju med forskarar frå dei ulike faga som dekker feltet. Vi vinklar det mot forsking og held oss tett på kjeldene. [email protected]